vestlandet par excellence – ver så god!

April 22, 2018  •  Leave a Comment

Endeleg! Endeleg er dei her!

Båtane og bussane. Og straumen av turistar i flokk. Frå alle krikar og krokar kjem dei, for å gleda seg over vår mellomalderby og fjordlandskapet. Slik skal det vera!

Lat eimen av sumar blandast med eimen frå den store verda! Lat svovel og parfyme og karbon og sveitte og nitrogen fylla lufta og lungene. Lat båtane og busane farga landskapet i ein grå-blå-gul dis, for å markera årstida og kor vi høyrer heime – i sentrum av det som skjer.

Ein stor takk til cruiseagenten som kjempar mot det kommunale vedtaket om maks 9000 passasjerar og fire cruisebåtar per dag! Vi er verdsborgarar og ønskjer oss meir – ikkje mindre – av det gode. Vi er rause og vil ta i mot, ikkje lena oss attende og stengja.

Takk til næringsministeren og Rederiforbundet som har argumentert og kjempa – og som sigra – for å unngå for store kutt i klimautsleppa frå internasjonal skipsfart!

Sjå bort frå avisskriveriet om utslepp av litt bade- og oppvaskvatn frå cruisebåtane. Turistane må då få gjera sitt! Og vaskevatnet vil uansett verta vatna ut i havet.

Lat oss verna om allemannsretten! Lat ikkje eit fåtal fruktdyrkarar, bønder eller aktivistar få stenga turistbåtane frå fjordane! Vi treng turistane – kva står vi elles attende med? 7-Eleven kioskar på annakvart hjørne? Folketomme gater?

Skulle nokon ha det minste problem med eksosrøyken, eller finna gatene i travlaste laget, er det berre å ta ferie eller halda seg inne. Vi lever trass alt i ei fri verd!

Høyr ikkje på galleristen og malaren og frisøren på Veterlidsallmenningen som klagar over bussar på tomgang og feilparkering og eg veit ikkje kva! Om ikkje bussane tek ein stopp i bakken, kvar skal då turistane gå av og stiga på? Og sjåførane få seg ein kaffitår? Eller Fløibanen henta overskotet frå?

Vi ønskjer at Bergen skal syda av cruiseliv – som Nord-Europa sitt svar på Venezia. Det er noko å vera stolt av! Og ein framifrå måte å halda vår vidgjetne natur – og vår verdsarv – i hevd på.

Lat oss difor gleda oss over lyden av morgongymnastikken på dekk, kringkasta av høgtalarar frå cruisskipa på Skolten, Bontelabo og Dokkeskjærskaien! For ikkje å gløyma trippel-fløytinga når Azura, Magellan, Aidasol, Britannia og Deutchland kastar loss i kveldinga. Som ein stor takk til oss alle!

Vestlandet par excellence – ver så god!

Vestlandet par excellence – ver så god!


Comments

No comments posted.
Loading...

Archive
January February March April May June (1) July August September October November (1) December
January February March (2) April (7) May (1) June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December